Gud er ingen demokrat, Herr Tjørhom!

Eg er sliten av stadig å møte Ola Tjørholm i avisspaltene, der denne lutheraneren spring omkring og bjeffar oppetter veggene i den katolske kyrkja, og trur han er katolikk.

Denne trojanske hesten i den katolske kyrkja må ha fått ei for rask, for grunn og for lite tilpassa konversjonsundervisning.

Eg hadde den store lykke å bli undervist av Pater Olav i Trondheim, ei tilpassa undervisning i einerom. Frå ein av desse timane har eg sitatet i overskrifta.

I intervjuet i Dag og Tid 6.februar, sprett Tjørhom og intervjuaren, Halvor Tjønn, frå overskrift til overskrift, der kvar overskrift tilhøyrer enorme tema, men som blir kommentert med verbalsjablongar som dels er sterkt på sida av realitetane, og som vi har høyrt så mange gonger før at vi er grundig lei av dei. Skulle eg kommentert kvar sjablong, måtte eg ha fått skrive ein artikkelserie i Dag og Tid.

 

Kort og fort, nokre av sjablongane, og eg tek til attafrå:

  • Sølibatet produserer ikkje nokon pedofili. At pedofile dessverre er vortne prestar, er ei anna sak. Den katolske kyrkja kjem faktisk betre ut på en statistikk eg har sett, enn andre trussamfunn. Ratzinger, seinare Pave Benedict, sleit seg ut på å rense opp i dette elendet.  Han vart fort ein gammal mann. Sølibatet er ei gave til oss katolikkar, fordi våre prestar  gjev oss heile si tid. Ein amerikansk katolsk prest på Island sa det slik: «Å vere familiefar er ei stor oppgåve. Å vere prest, er ei stor oppgåve. Begge deler er for mykje for ein» Katolske prestar kjenner betre til ekteskapet frå skriftestolen, enn ein luthersk prest – som berre kjenner sitt eige ekteskap, vil eg påstå. Tjørhom kjører dette opp i etterkant av det evindelege maset om kvinnelege prestar. Den katolske kyrkja er verdsomspennande, og det er ikkje greit med kvinnelege prestar overalt i verda, og ei reform må komme i heile kyrkja, ikkje berre her og der. USA blir her drege inn heilt karikert.

 

  • «Inkvisisjonen» blir brukt som eit lada uttrykk til å stemple Truskongregasjonen som noko gammaldags, og dermed suspekt og forkasteleg. Eg ville ikkje vore heilt trygg som katolikk, dersom den verdsomspennande 2000 år gamle katolske kyrkja ikkje hadde eit forum der trua til eikvar tid er under debatt på huset i Vatikanet. I oktober 2013 satt eg faktisk på eit tomannsbord, 6 meter fra bordet til Paven, og åt middag saman med ein medlem av Truskongregasjonen. Da Paven reiste seg og gjekk frå bordet, helsa eg han med tommelen opp, og ansiktet hans åpna seg i det store smilet han av og til bestrålar oss med. Kompisen min sidan 1986 som sit i Truskongregasjonen, minner meg svært lite om inkvisisjonen, enda han har studert hos Jesuittane. Tenkjer dei ikkje nytt i Truskongregasjonen, Herr Tjørhom? Dei tenkjer, i alle fall.

 

  • Hierarkiet er eit problem for Tjørholm. I Norge har vi flat struktur på det meste, og ender ofte opp i «polsk riksdag» og får lite gjort, utan å snakke lange skjegg. Fetteren min flytta heim frå næringslivet i Sverige, men måtte flytte tilbake. Han greide ikkje den flate strukturen i Norge, der alle stod på ei linje og alle skulle bestemme, som han sa. Det skulle vorte litt av eit rot om den store katolske kyrkja skulle hatt flat struktur!

 

  • Konkordatet og Hitler og Paven si rolle under jødeforfølgjingane i Roma og Italia: Konkordatet hindra at prestestudentar i Tyskland kom i stridande posisjonar. Dei fikk delta i saniteten. Hadde dei nekta tjeneste, ville dei vorte skotne, herr Tjørhom. Og når Tjørhom får seg til å seie at konkordatet var den første anerkjenninga av nazismen internasjonalt, da er det ikkje berre kunnskapslaust, men vulgært! Mange jødar vart dessutan redda av Vatikanet. Talet eg har sett er 3000. Dei vart smugla inn i Vatikanet, gjevne anna identitet og vart så smugla ut av Italia. Tjørhom har svært liten fantasi når det gjeld utfordringane for folk som lever under diktatur. Det er ikkje berre å springe ut i gata og skrike – Eg har rett! På desse punkta er Tjørhom rett og slett vondsinna manipulativ i språkbruken. Her blir både Franco, Salazar og Pinochet klaska på. Utan Franco ville Spania vorte ein sovjetstat, herr Tjørhom!

 

  • 1878: Antidemokratisk Pave som var mot religionsfridom. Kva med det at jesuittar ikkje fekk lov å komme til Norge før på 1950-talet? Katolikkar fekk ikkje gå på norsk lærarskole her i landet før langt mot samme tid.

Fei for eiga dør, herr Tjørhom!

 

  • Antimodernitet: Her viser Tjørhom seg å vere tilhengar av deskriptiv moral = Moralen skal forme seg etter praksisen til folk, og ikkje omvendt. Her kjem dette inn at «Gud er ingen demokrat». Men Tjørhom vil nok at vi skal vedta moralen med demokratiske fleirtal, slik som den lutherske kyrkja i Norge har teke til med, i ganske stor utstrekning.

 

  • Lutheraneren som vil reformere den katolske kyrkja:Tjørhom seier han vart katolikk fordi han ville ha eit fullt sakramentalt liv.  Men samtidig forlangar han å få forme den store katolske kyrkja i biletet til den vesle lutherske her oppe under polkalotten. I sanning: Eit ambisiøst prosjekt! Skal ein le, eller skal ein gråte?

 

  • Prevensjonen: (Dette er punktet eg vil seie mest om.) For ca. 20 år sidan skreiv eg ein artikkel i St.Olav Tidsskift, der eg viste til at katolsk seksualpraksis harmonerer med moderne amerikansk seksualterapi: Når kontaktflata i eit parforhold er smalna inn til berre samleiet, vert samleiet i amerikanske seksualklinikkar teke ut av samlivet i inntil tre månader, så paret kan utvide kontaktflata si med anna samliv og samtale.  Etter tre månader, når samleiet blir gjeninnført i samlivet mellom dei to, vil den utvida kontaktflata gjere også samleiet djupare og rikare. Katolske – og også jødiske par, som praktiserer naturleg preventiv praksis, vil ha samleie annankvar veke. Vekene med menstruasjon og med eggløysing, er veker der paret må leve ut andre sider av samlivet sitt. Praksisen er ekteskapsbevarande, fordi ein vil no gå og gled seg til neste veke….Jødane går så langt at ektesenga er delt i to: Annankvar veke står sengedelene saman, og annankvar veke står dei ved veggen. Slik tek desse para samleiet ut av samlivet annankvar veke, i staden for å kjøre samlivet på dunken i den grad at dei må på seksualklinikk og leve i fråhald i tre månader. Fråhald annankvar veke er difor både regulerande for barnetalet og det bevarer ekteskapet. Difor er den katolske kyrkja for naturleg familieplanlegging, og mot kunstig prevensjon, herr Tjørhom. Mor Theresas instruksjon til fattige i Calcutta om denne praksisen er av forskarar bevist å vere meir sikker enn P-piller og spiral. Forskningsgrunnlaget var 20.000 personar. Dessutan er denne praksisen heilt gratis i land der folk ikkje har pengar til mat ein gong. Korleis skal dei da ha pengar til kunstig prevensjon, Herr Tjørhom? Dessutan kolliderer prevensjon på moderne vis med mannsidealet i mange katolske land. Kort sagt: Mennene der vil ikke tre på seg noko kondom.

Tjørhom sine barnerike katolske familiar er ein myte i dag. Da eg i 1966 kom på utveksling til Italia, vart eg forbausa over alle eine-barn-familiane. Det samme vart eg da eg kom som au-pair til Paris to år seinare. Det er fattigdommen og ikkje religionen som lagar dei store barnekulla. Det er overlevelsesinstinktet hos mennesket i krise som lagar de store barnekulla.

Eg høyrde Paven uklipt på BBC. Han sa: «Årsak språkbruken, men sjøl om de er gode katolikkar, treng de ikkje formere dykk som kaninar. De må vise ansvarleg foreldreskap. De må setje dykk inn i kyrkja si lære på dette området.»

Kvifor sa no Paven dette om kaninar på pressekonferansen på flyet heim? Jau, eg er sikker på at han hadde tenkt ut denne utsegna grundig – for at det skulle bli høyrt, og ikkje gløymd.

*

Slutt no å gøy slik, Herr Tjørholm. Legg deg ned i omnskroken og hald fred, eller dra heim til lutheranerane dine. Eller så skal eg springe etter deg og rope – DEKK! Til du teier!

 

Gran Canaria 15.febr. 2015.

Dordi Skuggevik,

Katolikk i 30 år – og glad for det!

 

Publisert – sterk avkorta i Dag og Tid 20. febr. 2015

 

 

 

 

Skrevet av

dordis

Lektor, cand.philol, forfatter og samfunnsdebattant.

Én kommentar til «Gud er ingen demokrat, Herr Tjørhom!»

  1. Attractive section of content. I just stumbled upon your website and in accession capital to assert that I get in fact enjoyed account your blog posts. Any way Ill be subscribing to your feeds and even I achievement you access consistently rapidly. edebfebedeae

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *