The dead & The dead.

The dead – betyr både den døde og dei døde på engelsk. Ikkje alle nordmenn som brukar engelsk er klar over det. Filosof Arild Pedersen som skriv om Jon Fosse si omsetjing av James Joyce sin novelle «The dead», nemner ikkje det i Dag og Tid 19.mai. Det trudde eg faktisk var kjernen i denne novellen av James Joyce.

«The dead» av James Joyce er faktisk det einaste eg kjem ihau frå pensumet i litteratur på engelsk grunnfag i 1979 på Dragvoll i Trondheim – med amanuensis Ruth Sherry – frå Boston, av irsk herkomst. Det skulle ta 38 år før eg seinare kom meg til Dublin – no sist påske.

Det er slutten på denne novellen som sitt i meg framleis: Dei er alle døde, sjøl om dei lever og prøver fylle livet sitt med den gamle samværsmåten.  Dette er ei kjensle som svært mange av oss har opplevd – det å kome att til barndomen, til utgangspunktet – og finne alt ved det same. Dei er alle døde, sjøl om dei lever, dei han kjem att på vitjing til. Han er òg død. Snøen legg til overmål det døde teppet over dei alle og verda i natta som legg seg over jorda. Det er ein sterkt konsentrert nihilisme i «The dead», som framleis sit djupt etter 38 år. Ein skal ikkje avspore meisterverket med allslags detaljanalyse.

Glærum, 19.mai 2017.

Dordi Skuggevik

Cand.Philol.

Skrevet av

dordis

Lektor, cand.philol, forfatter og samfunnsdebattant.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *