Blikk på Reformasjonen.

Dette essayet vart skreve på oppfordring frå Nordmøre Mållag, for å bli trykt i deira årsskrift «Du mitt Nordmøre» 2017. Sidan det ikkje skulle vera honorar, sette eg to krav: Eg ville ikkje ha noko retting av  nynorsken min, som ligg tett inntil min  gamle østnorske dialekt – som gir gjennomslag i skriftspråket mitt, av og til også med kasusbruken i talemålet mitt, og eg ville ha rett til å publisere artikkelen på bloggen min når «Du mitt Nordmøre» vart lagt på disken før jul. No ligg «Du mitt Nordmøre» på disken, og innlegget fikk den æra å åpne ballet: den står først – på ei høgreside, med det vakre diktet «Hylling til Nordmøre» av Hans Hyldbakk på venstresida. «Løp og kjøp!» 

«Reformasjonen var en kulturkatastrofe på linje med Svartedauen!» Hørte eg rett? Guttorm Hansen, president i Nordisk råd si røst kjem gjennom telefonen klart og greit og utan atthald. Det er i Olsòk-tida i 1987. Eg sit på kontoret til prof. Ola Kai Ledang på Dragvoll. Kontoret er stilt til min disposisjon som organisator av første kurset i gregoriansk song etter – ja, nettopp: Reformasjonen. Eg held på å dette ned frå kontorstolen til Ledang. Hørte eg rett? Det gjorde eg. Eg hadde ringt Guttorm Hansen oppe i Namdalen der han var heime på sommarferie, ringt han avdi han var president for Nordisk råd, for eg ville introdusere ein idé om at det burde kome eit «Nordisk institutt for gregoriansk song». Eit institutt for forskning, praksis og formidling av denne kyrkjemusikken – som også var kyrkjemusikken i Norge, gjennom  8-900 år, ein song som enno har gjennomslag og ekko i den norske høgmessa sin liturgi, og som vart kalla «økumenikkens sakrament» av Rory Mulligan, da han som katolsk sokneprest i Stavanger var invitert av biskop Bue til å halde preika på jubileumsgudstenesta i Stavanger domkyrkje i 1995, og der det gregorianske kurskoret song gregoriansk messe innbaka i den lutherske høgmessa ved dette høvet. Alle vi som var med, kjende ein «forsoningens vind» etter Reformasjonens skisma. Eg kom sist inn i korprosesjonen, men sidan dei siste skal bli dei første, vart eg ståande fremst mot kyrkjelyden, slik at da biskop Bue kom inn, strauk bispekappa over korkappa mi og han vart ståande attmed meg. Da vi stemde opp Olavssekvensen – Lux Illuxit – Ljoset over landet dagna, da dro bispen inn eit djupt andredrag som eg aldri gløymer.

Han som fekk meg igang med gregorianikken, kom til Surnadal i høve Lindeman-jubileet i 1983: Asbjørn Hernes, prest, musikolog, trønder, tidlegare prest i Stangvik og Ole Andreas Lindeman sin biograf. «Luther gjorde revolusjon,» sa han. Men så la han til: «Men, Den katolske kyrkja fortsette sin evolusjon, og idag må eg faktisk seie at Den katolske kyrkja ligg ei halv hestlengd framføre lutheranarane.»

Båe desse sitata knytte til «Reformasjonen med stor R» – har lege høgt oppe i medvetet mitt sidan desse karane uttala seg med så uventa og mesta ulovlege utsegner. Dette er tunge ord frå to tungvektarar. Dei banna verkeleg i kyrkja med det dei sa. Men, dei frigjorde meg til å tenkje fritt omkring dei fastlåste fakta ein har fått banka inn i hausen opp gjennom skulegonga og kyrkjegonga når det gjeld Luther og hans livsverk.

Seinare fekk vi sonen til Asbjørn Hernes som minister i utdanning, kyrke og helsestell: Gudmund Hernes. Han sa fleire gonger i media at Middelalderen hadde vore ei stor opplysningstid. Han banna da verkeleg i kyrkja. Da fekk eg det store moralske motet til å seie og å skrive at «Middelalderens mørke oppstod etter Reformasjonen». Eg har til og med sagt og skreve at danskekongens reformasjon i Norge var ingen reformasjon – det var ei politisk valdtekt av landet.

I min barndom fekk eg oppleve tri gonger å gå på kino. Eg fekk sjå ein film om Hans Nilsen Hauge, ein film om Martin Luther og ein film om Donald Duck. Alle dei tri gongene sette Surnadal billag opp buss for oss på nordsida av fjorden og bort på Surn’dalsøra, for det var om å gjere å gje oss alle høve til å sjå desse filmane. Eg kjem ihau Hans Nilsen Hauge da han stod ved sida av hesten og hadde si openberring av Gud. Eg kjem ihau Donald Duck innfrosen i ei stor isblokk. Og eg kjem ihau Martin Luther på Wartburg. Det var nifse greier der alt gjekk føre seg i dramatisk svart/kvitt, og der blekkhuset susa avgarde da han kasta det etter djevelen. Inntrykk gjorde det også da han slo opp tesane sine på slottsdøra i Wittenberg. Hammarslaga gav atterljod i heile den mørklagde kinosalen. Elles var det mykje «mørkets gjerninger» å oppleve for eit barn i denne filmen, for alt var så mørkt overalt på Wartburg. Når eg seinere song «Vår Gud han er så fast en borg» i kyrkja, med klassen min og i andre høve, så vart alltid Gud og denne borga både svart, nifs, stor og ofseleg på eit vis. Luther vart noko «fryktinngydende». På skåpen uti kammerset der Dråka-Dordi, gammeltante mi i Oppigard Glærum, heldt til, der hang det eit foto av eit maleri av Luther. Måla av Holbein kanskje? Luther såg skikkeleg sløg og skummel ut, samtidig med at han likna på Tante Åshild uti Utigard, merkeleg nok. Likevel lika eg ikke aulaget til denne Luther, sjøl om han likna litt på tante Åshild, og sjøl om far hevda at vi stamma frå Luther, gjennom mi farmor. Dette siste har eg no vore litt kry av, når sant skal seiast. Især når eg har slege til litt hardt i diskusjonar og i avisspaltene. «Tesene på døra» – veit du! Bang-Bang! I 1517, og som vi no minnest på ymse vis etter desse 500 åra. Da eg omsider kom meg til Berlin, kom eg òg til Berliner Dom. Domkyrkja. Der katolske kyrkjer har sine helgenstatuer, der stod dei store reformatorarane frå 1500-talet: Luther, Melangton (han var òg med i filmen i Trudvang) og Zwingli. Dei var høge og bratte i lange kapper og verka iskalde og utilnærmelege. Straff! Skuld! Dårleg samvit! Evig pine! Pass deg! – Satan kjem og tek deg. Bøh! – Eg var i mellomtida vorten katolikk. Protestantismen sin iskulde slo imot meg i dette kyrkjerommet. Her var det ikkje mykje Guds miskunn og Jesu kjærleik. Her var Gud skapt i prøysarane sitt bilete. Eg skutta meg og gjekk ut, men uhyggen sit i meg enda. Eg kjem aldri meir til å gå inn i Berliner Dom.

Når eg sit i Tingvoll-kyrkja, så kan eg ikkje forstå at Middelalderen kan ha vore så fælsleg at Luther og danskekongen trong gå så hardt tilverks. Sjølve 1100-talls-arkitekturen og måten lyset fell inn i kyrkjeromet på, løfter både ånd og lekam opp. Den amerikanske katolske biskopen med mor fødd Glerum – sa med ein liten lått da eg viste han Tingvoll-kyrkja: «Her er ein ikkje redd for helgenbilete!» Vi har heldigvis bevart mange fine middelalderskulpturar i Norge, for i Norge var ikkje Den katolske kyrkja i noko krise på 1500-talet, og når danskekongens menn kom for å renske ut kyrkjekunsten, så fekk ikkje dei som vart sett til å brenne opp kyrkjekunsten seg til å brenne han. Maria-ene og apostlane og andre helgenar vart gøymde i stall og låve og på mørkeloft.  I fleire hundre år. Da dei kom fram att etter at det kyrkjelege klimaet vart mildare, så hadde vi i Norge mykje fin førreformatorisk kyrkjekunst. Og når vi fikk fjerna all kalkmålinga over middelalderkunsten i veggmåleria, så kom det fram ei gløymd verd som kobla oss til våre kyrkjehistoriske røter. Takk vere dei som ikkje fekk seg til å øydelegge den gamle kyrkjekunsten som hadde vore folket sin billedbibel og folket sine kontemplasjonsobjekt, så har vi framleis også den fine altertavla i den vesle middelalderkyrkja på Grip. Den var godt gøymd i eit båtnaust på Grip til langt opp mot vår tid. Folket på Grip har i ettertid nekta å gje den frå seg til museet i Oslo, slik at ho no står der ho var meint å stå da ho vart gjeven av den hollandske prinsessa som takk for at sjøfolka på Norskekysten redda ho og følgjet hennar frå havsnaud på 1400-talet.

«The big bang» kalla eg renessansen, når eg tok den opp som større prosjekt i mine skuleklassar. Renessansen var tida rundt  år 1500 da alt hende på ein gong: Jorda vart rund, verdensrommet vart oppdaga, dei store ukjende kontinenta vart oppdaga, perspektivet kom inn i maleriet, ein skar opp døde menneske og studerte dei innvendig og anatomi vart ein eigen disiplin, boktrykkarkunsten vart oppfunnen, ein gjenoppdaga dei gamle grekarar da Konstantinopel fall i 1453, musikken vart fleirstemt, den vestromerske kyrkja sprakk, og Luther si avbrekte kyrkjegrein fortsette å dele seg opp i stadig nye greiner oppover hundreåra – avdi kvar og ein no kunne lese bibelen som dei ville, og Luther hadde sagt: Sola Scriptura! «The big bang». Heksebåla brann i dei nye protestantiske landa, kjettarbåla brann hos katolikkane. Men, brann – det gjorde det. Dei 800 heksene vi har namn og adresse på i Norge, vart brende etter reformasjonen. Det stod svart på kvitt i den nye historieboka for skulen som eg fikk for å bruke ein av dei siste vintrane eg var lærar. Ny kunnskap! No var Gudmund Hernes vorten undervisningminister og kyrkeminister, og han var ein svoren tilhengar av rein kunnskap! – Kunnskap er morosamt! sa Hernes. Ja, da brende vi vel heksene etter Reformasjonen.

Klostra vart også brende eller revne ned eller gjort om for anna bruk. Klostra hadde vore skular, landbruksskular, hagebrukskular, meieri, ysteri, bryggeri, universitet, musikkonservatorium, kunstakademi, presteseminar, sjukehus, fattighus, barneheimar, apotek, bibliotek – og no måtte alt dette erstattast med ein heil serie nye institusjonar. Det var ikkje så fort gjort. Her er det nok Guttorm Hansen har gjort seg sine tankar om at Reformasjonen var ei kulturkatastrofe på linje med Svartedauen. Den norske intelligensiaen vart utrydda saman med det gamalnorske skriftspråket av Svartedauen. No vart den norske intelligensiaen på ny utrydda – av danskekongen, for det var danskekongen som innførde Reformasjonen, det var ikkje Luther. I land etter land såg den verdslege makta sitt snitt til å undertvinge kyrkja og overta herredømmet på alle vis, og Edvard Hoem legg ikkje fingrane imellom på det punktet når han let danskekongen si røyst komme ut av nattemørket på Steinvikholm og operaen «Olav Engelbrektson» sluttar med tordenrøysta som proklamerer at Norge sitt sjølstende no er slutt, og Norge, i og med innføringa av Reformasjonen med vedtaket i oktober 1536, blir redusert til ein dansk provins på linje med Skjelland og Fyn etc.  – Eg såg i Tidens Krav tidleg denne sommaren at Edvard Hoem har gløymd sin kraftsats i «Olav Engelbrektson» og stod på talarstolen i Kvernes kyrkje og prisa Reformasjonen, og ville ha meir av same sorten. Eg pussa brillene og las ein gong til!

Det vart «med døden forbundet» å vere katolikk i Norge. Haua vart kappa fort vekk, enda i Norge var ikkje den katolske kyrkja korrumpert på noko vis, kyrkja her var i god stand og folk var trugne og fromme og gav ikkje opp før hauet vart kappa. Sjøl om dødsdomane vart sjeldnare etterkvart, så var det regelrett forbode å vere katolikk heilt til i 1843, da Norge fikk ei fransk dronning som nekta å konvertere, og ho måtte få ei katolsk kyrkje ho kunne bruke når ho var på besøk i Oslo: St.Olav.  – Men Jesuittane fekk ikkje adgang til landet før i 1950-åra. Kusina til varordførar i Surnadal, Helge Røv, fekk ikkje kome inn i landet fordi ho gjekk på ein skule i Seattle som var dreve av undervisningsordenen Jesuittane. Men her måtte det norske postreformatoriske byråkratiet gje seg. Ho kom seg – med mor si, til Surnadal på besøk. Kort tid etter vart «Jesuitter-paragrafen» oppheva, omtrent 100 år etter at vi kvitta oss med «Jøde-paragrafen».

Heitast gjekk det for seg på Island. Biskop Jon Arason på Hòlar var den biskopen i Europa der Reformasjonen fòr fram, som klarte å stå imot lengst – heilt til danskane halshogg han i 1550. Han bygde første trykkeriet på Island i 1530-åra. På Island slo aldri sølibatet igjennom, for folk var for avhengige av slekta for å overleva i det snaue og vindblesne landet. Jon Arason hadde fleire søner som var prestar. Danskekongens menn halshogg først sønene framfor augene til faren, før dei kappa hauet av han. Dette skjedde på Skàlholt, det søndre bispesetet på Island. I år 1000 vedtok islendingane einstemmig å la seg døype, fordi blodhemnen tærde så sterkt på folketalet, og Lagnaden styrte livet og tok frå dei deira frie vilje – som Kristendommen let dei behalde. Men, vatnet på Thingvellir var for kaldt til at dei ville døype seg der, så heile det islandske folket gjekk i flokk og følgje til Skàlholtvatnet og døypte seg der. Der vaska no islendingane liket av sin gamle biskop Jon Arason etter halshogginga, og så bar dei han heim til Hòlar. Da likfølgjet kom så langt at dei såg kyrkja på Hòlar, byrja kyrkjeklokkene å ringje heilt av seg sjøl, seiest det. («Myten inneholder alltid en sannhet,» seier pater Olav Müller.) Da den unge franske presten som stod og fortalde meg dette, ved minnesteinen på staden der Jon Arason miste hauet for den danske øksa i 1550 – kom til dette punktet i soga, da gret vi båe to, både den unge presten frå Frankrike og den store bondejenta frå Nordmøre.

På veg heimatt til Hafnarfjørdur og Josefsøstrene i klosteret der (1996), køyrde vi forbi huset til den islandske nasjonalforfattaren Haldor Laxnes. Ikkje så lenge etterpå vart han gravlagt frå Kyrkja Krist Konungs i Reykjavik – den katolske domkyrkja på Island.

«Den katolske oppfatningen av verden og menneskets eksistens har overvintret i Bondekulturen,» sa pater Olav Müller, i mange år katolsk prest i Kristiansund. Hos Laxnes braut dette fram i dagen.

I Norge var det heller ikkje greit. Fekk danskane ferten av ei katolsk messe, da vart det farleg. Mange av dei katolske prestane hadde konvertert til lutherdommen for å kunne få bli hos sine soknebarn. Dei heldt den offentlege nye gudstenesta etter kongeleg forordna dansk oppskrift, men så foregikk det hemmelege katolske messer på loft og i kjellar, i rom med kamuflerte inngangar – og ute i skog og på fjell. Vart dei oppdaga, så vart dei fort og skart eit hovud kortare. Eller – brende som «hekser».

Mannen som stod imot Reformasjonen i Norge på det hardaste, var Laurentius Nicolai Norvegus – «Klosterlasse – Stormfuglen som ville gjenerobre Norden for katolisismen». Vår store intellektuelle forfattar Oskar Garstein si siste bok har denne tittelen. Han døydde før ho var heilt fullførd, men Lars Roar Langslet fullførde arbeidet, og boka vart utgjeve av Thorleif Dahls Kulturbibliotek der redaktøren var Asbjørn Aarnes frå Vågbø i Tingvoll.

Oskar Garstein ringde meg da eg hadde vore i Litauen med Henning Sommerro og Choeur Grégorien de Paris rett før kommunismen fall i 1989, og spurde om eg kunne hjelpe han med eit bilde av universitetskyrkja i Vilnius der Lauritz Nielsson – Klosterlasse, vart gravlagt i 1622. Universitetet vart dreve av utdanningsordenen Jeuitterordenen, som Klosterlasse tilhøyrde. Litauen var det landet i Sovetunionen som hadde tilknytning til ein internasjonal institusjon – nemleg Den katolske kyrkja og Vatikanet, så dei vart spesielt godt medfølgde av Moskva. Berre det å få tak i dette fotoet var vanskeleg. Året etter kom ungdomskoret frå Vilniuskatedralen til Paris, etter store vanskar med Sovjetmakta ved utreisa – og da hadde den gamle Sibir-fangen Eimutis biletet med i lommeboka. Nokre år etter var Norges konge Harald V på offisielt besøk i Litauen, og han avduka da minneplata for Klosterlasse i Universitetskyrkja i Vilnius. Norske media skjøna ikkje heilt den sterke samanhangen, men det trur eg Kongen gjorde. Norges konge gav eit handslag til «Stormfuglen» og på ein måte batt han historia tilbake til der splittinga var oppstått.

I mellomtida hadde også katolikkane i Norge fått lov til å komme inn i si gamle domkyrkje og love Gud på Olavsdagen. Det måtte ein Pave til for at det skulle gå i orden: Sankt Johannes Paul II, som rett etterpå skulle rive ned «Jarnteppet». I tida mellom desse pavelege hendingane fekk Henning Sommerro og Choeur Grégorien de Paris framføre kyrkjemusikk i verdslege konsertsalar i Sovjetsamveldet – for første gong etter revolusjonen, noko som bidro til Jarnteppet sitt fall, vart det sagt i Frankrike sommaren 2015.

Paven fekk ikkje feire si messe med sine i Nidarosdomen, men måtte gjere det i gymsalen på NTH, der eg stod ved sida av alteret – i det liturgiske koret som var organisert for dette høvet. Reformasjonen satt så hardt i fleire av dei norske bispane enno i juni 1989, at dei ville ikkje møte opp for å be saman med Paven og katolikkane i Nidarosdomen, men det gjorde Biskop Bremer og ein del andre. Biskop Bremer med si fru satt også på første benk på den pontifikale messa med Paven i gymsalen på NTH. «Biskop Bremer er en hellig mann,» sa  pater Olav Müller til det. Biskop Bremer lo da eg seinare sa det til han. «Det var jo ikke særlig luthersk da,» lo han.

Dei som boykotta bønnemøtet med Paven i Nidarosdomen, skamma seg slik i ettertid, at året etter fekk katolikkane feire si Olavsmesse i Nidarosdomen for første gong etter Reformasjonen, men kl. 08, før byen vakna. Etter nokre år, vart tidspunktet meir humant. Vi får no komme inn utpå ettermiddagen, så alle vi som bor langt unna slepp å legge oss på hjul midt på natta for å komme fram. Katolikkane fikk også låne kyrkjer av Statskyrkja etterkvart. Slik fikk mannen min og eg gifta oss katolsk i kyrkja der eg vart døypt som protestant – i Øye kyrkje. Og da Paris-koret ville dra opp fjordane til Nidaros, etter førpremièren på Olavsoratoriet i Stavanger i 2014, fekk dei synge si gregorianske messe i Kapittelhuset i Nidarosdomen med sin medbrakte prest frå Normandie, før dei gikk inn i hovedskipet og song i festmessa den dagen, saman med Nidaros domkor – og etterpå fikk storservering med trøndersk mat i Kongsgården, servert av Domkoret og Schola Sanctae Sunnivae – eit skikkeleg bevis på at vår fellesarv – gregorianikken er «økumenikkens sakrament»! Hovedorganisten frå Sacré Coeur kvitterte med ein liten konsert på det nyrestaurerte Steinmeyer-orgelet, og viste korleis organistane i Frankrike improviserte på 1700-talet, på1800-talet og idag!

Men: På Molde var ikkje gregorianikken noko «økumenikkens sakrament». På veg opp fjordane med kor og organist frå Paris oppdaga eg at på Molde er ikkje tilnærminga etter Reformasjonen kome særleg langt. Der lukta det både middelalder og katolikk av gregorianikken, forstod eg etterkvart, og noko tilnærming etter 500 års skisma låg slett ikkje i lufta. Den planlagte konserten, som skulle bere mykje av utgifta med parisarar på pilgrimsveg til Nidaros, var simpelthen boykotta utan at eg som organisator hadde fått beskjed. Tre gonger oppover Vestlandet benda eg kyrkjedøra oppatt i Molde domkyrkje – via telefon. Til slutt skulle vi få kyrkja opplest av kyrkjetenar, og så greie oss sjøl. Ingen moldensar kom, ingen frå bispekontoret, ingen frå domkapitlet, ingen frå domkoret eller andre kor – og domorganisten reiste bort. Publikum bestod av tre tilreisande kristiansundarar, eit ektepar frå Kenya, eit ektepar frå Kosovo, ein prest frå Moldova og nokre nonner frå Philippinene. Det kom ein ung mann litt ut i konserten, som slapp å betale billett. Det var kanskje moldensaren. Denne dagen hadde parisarane stått opp til frokost på Hotel Alexandra i Loen, etter middagsbuffeten der kvelden før….og dei hadde stått på Dalsnibba, stått på balkongen over Geirangerfjorden – der johannittermunken Uribe frå Columbia slo ut med armane og ropte: «Og han slo på klippen så det rene vann sprang frem – MEN HER SPRINGER DET RENE VANN UT AV ALLE KLIPPER!» Så vart dei kjørt ned Trollstigvegen medan dei kvein av nær-døden-opplevinga – og om kvelden gav koret og organisten sin største konsert nokon gong de 30 åra eg har kjent dei, og vi som hadde den lukka å vere tilstades, gløymer det aldri.

Reiseorganisatoren hadde forberedt følgjet på Hustadvika, men Vårherre (og Sankt Olav!) ordna det slik at på Hustadvika denne natta – der var det ikkje havdønning, havet heldt pusten – og var heilt utan sitt vante andedrag. Flatt hav, så litauaren som var tiltenkt som professor i gregorianikk i Trondheim, kunne spele ragtime og jazze på flygelet i Hurtigruta sin bar – heilt til vi gikk ut på dekk og skoda Kristiansund før vi la oss.

Reformasjonen har hengt i til no. Kong Harald i Vilnius og Biskop Bremer i Nidarosdomen har båe to slutta ringen og sett foten ned: Nok er nok!

Utanfor St.Olav katolske kyrkje i Trondheim, stod eg yst i rada og lengst frå døra da pave Johannes Paul II steig ut av  bilen, men han kom rett bort til Nordmørsbunaden og ville handhelse, og så kom det ei bjørk imellom hendene. Vi prøvde igjen: ny pyntebjørk imellom. Det begynte å glitre i augene til Wojtyla, og der! – fekk vi hendene ihop, men handa mi var så kald av tynn bunadsskjorte og kald vind at han skvatt – og han hugsa plutseleg på at stoppeklokka gjekk hos sekretærane.

Siste gong eg såg Pave Johanns Paul II var på paveaudiensen i Roma i 2002, der Nidaros domkor hadde fått plass før dei skulle synge messe i Peterskyrkja. Han var da så tyngd av sin Parkinson at han satt krumbøygd og hengde med hauet heile tida. Da vi vart presentert, skulle vi sprette opp og synge Bruremarsj frå Øre. Vi så gjorde. Da løfta han kroppen og snudde hauet og såg på oss heile tida medan vi song. Så seig han saman att. Det var nok den gamle folkedansaren i han som vart vekt, og gav han ei lita glede.

Det er litt rart av og til når eg tenkjer på at eg har teke ein helgen i handa. Og kvifor vart han helgen? Det vart han ikkje berre avdi han lukkast i å rive maska av den menneskefiendtlege ideologien i det kommunistiske Aust-Europa, men også fordi han makta å opne for vegen mot eit endeleg punktum for Reformasjonen. Med sine reiser og vitjingar – til og med i Islams Gudshus, opna han for dialog i staden for konfrontasjon. Det har deretter vore fleire milepelar på vegen mot det å finne kvarandre att, 500 år etter Luther sitt opprør og revolusjon, og den verdslege makta sin intervensjon i kyrkja. I 1999 vart det store skrivet «Felleserklæring om rettferdiggjørelseslæren» underskreve av Det lutherske verdensforbund og Den katolske kyrkja. Det var ein viktig etappe. I 2015 publiserte ein luthersk-katolsk arbeidsgruppe dokumentet «Fra konflikt til fellesskap», retningsliner for økumenisk samarbeid. Hittil siste etappe i dette arbeidet var åpninga av Reformasjonsjubileet som vart lagt til Lund domkyrkje i Sverige. Der vart ein felles uttale underskreven av presidenten i Det lutherske verdensforbund – palestinaren Munib Younan, luthersk biskop av Jerusalem, og Pave Frans. Verten for storhendet, karmelittermunken – Stockholms katolske biskop, Anders Arborelius, blir idag, i skrivande stund, 28.juni 2017, kreert til kardinal i Roma, den første kardinal frå Norden nokon gong. Så frå og med idag har vi i Norden ein talsmann i Vatikanet! Imorgon – på Peter og Paulus-dagen, feirar han si første messe som kardinal saman med Paven på Petersplassen.

Det åpne såret er framleis at det ikkje er felles nattverd mellom protestantar og katolikkar.  Det kjem smertefullt fram i dagen kvar gong partane møtest i ei økumenisk gudsteneste. Den må haldast utan nattverd, så splittinga ikkje skal vera for åpenberr og strevsam. Det blir eit samvær, inga messe. Etter mi meining ligg forskjellen mest på det semantiske planet. Eg er konfirmert to gonger – som protestant i 1959, og som katolikk i 1984. Som protestant fikk eg aldri forklart meg noko som helst om nattverden. Eg deltok heller aldri i nattverden medan eg var protestant. Under konversjonsundervisninga brukte pater Olav Müller 4 laurdagar på å forklare meg nattverden, og til slutt sa han: «Forstår du det itj no, så kainn du la’vær!» – «Ja, no forstår eg det,» sa eg. Så langt som ein kan forstå. Og nattverden er blitt eit sterkt organisk behov. Ein einaste gong har eg hørt ein protestantisk prest forklare nattverden – frå prekestolen på ein konfirmasjonsdag. Eg sa til han etterpå: «Du forklarte den katolske nattverden.» Ja, for det var da det Jesus sa: – Dette er min lekam. Han sa ikkje – Dette er eit teikn på min lekam… Slik burde vegen til felles nattverd vere kort. Og plutseleg kan jo lutheranarane sjå snarvegen. Den er så åpenberr. – Men inntil vidare vert hostien til kjeks igjen når den lutherske presten tømmer resten av alterbrøda i kjeksboksen igjen, som Pater Olav sa ein gong – medan den katolske presten legg Herrens lekam inn i tabernaklet der Herren er tilstades når det lyser ei raud lampe ved denne altarskåpen i den katolske kyrkja. Det er Herrens store og enkle pedagogikk!

Det er no opp til oss alle å gå resten av vegen fram mot fellesskap etter 500 års skisma, slik at vi ein gong kan leve saman utan heile tida å handle mot Gud, som vil vi skal vere eitt, sjøl om våre vegar til Gud ikkje er dei same. Pave Benedict vart for nokre år sidan spurt: – Kor mange vegar er det til Gud? – Så mange vegar som det er menneske på jorda, svara den vise Benedict XVI.

God jul 2017!

Dordi Skuggevik

 

Skrevet av

dordis

Lektor, cand.philol, forfatter og samfunnsdebattant.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *