Olavs Påskenatt i Ruda-katedralen 1014:

I denne påskenatt

det brenn eit ljos.

Frå fredag hev eg følgd deg,

du vakre lauv

på korsets tre.

Du døydde der

ifrå oss.

Kor hev det seg

at alle døyr,

når sanning, kjærleik, lys og fred

fell ned,

frå korsets tre?

Syng mi tunge om denne ærerike kamp:

I ingen skog veks slikt eit tre,

med desse blad og blomar,

og frukta festa mjukt til deg,

du trugne kors

som løftar opp

den slagne kropp

og børa mild du ber.

I denne natt

brenn ljoset bjart,

og kjærleik sigrar

sjøl om svart,

er natta

her omkring oss.

Og du stig opp

frå svarte grav,

frå daudens hav –

før morgonstjerna tennest.

Før dagen

over land og hav

sitt store lys

bryt ut.

___________________________________________________

Olavs opplevelse av Påskenattsliturgien, med ekko fra  Exultet og Pange lingua gloriosa.

Fra oratoriet «Olav den Helliges dåp» – 2014.

Sunget i Rouen-katedralen 15.10.2014 av Stevica Krajinovic, Den Norske Opera, tidligere ortodoks korsanger.

Musikk: Ole Karsten Sundlisæter. Librettist: Dordi Glærum Skuggevik.

Hele oratoriet «Olav den Helliges dåp» strømmes på de fleste strømmetjenester nå.

Skrevet av

dordis

Lektor, cand.philol, forfatter og samfunnsdebattant.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *