Sankta Sunnivas arie på Sankta Sunnivas dag, 8.juli:

Dronning var eg

på den grøne øy.

Ein heiden hovding

ville ha den kristne møy.

Eg sprang ifrå han.

Frå grøne lundars fred og fuglar

tok eg ut,

og la på havet –

utan sut.

I båtar tri,

forutan segl og årer,

vi gav oss av –

til vind og store bårer.

Forutan månestein

som fangar sola,

vi venta Gud –

Han ville halde volen.

Som Irlands ville gjeser

flaug vi over bårer,

slik også dei heilt

inn til Russlands sletter dro,

med soga om den Kvite Krist.

Vi la oss ned i båten

for å døy,

men – Sæla

vart vår øy.

Vi steig i land,

og landet, det låg fast.

I hola som vi fann,

vårt liv – det brast.

Vi kom i land,

vart jorda inn av fjellet,

men ljosken folk og konge såg

i dette tjeldet.

Den kongen som du Olav søkjer,

Han må du taka inn i følgjet ditt.

I Roma vil han ikkje finnast.

I Jorsal finst han ikkje heller.

Det er i følgjet ditt Han finst,

om berre du vil ta Han inn,

og leggje ut på havet.

Maria, havets stjerne,

vil deg leia finne:

Ut – og opp mot nord!

Der, finst di mor.

Teksten fra Sankta Sunnivas arie i oratoriet «Olav den Helliges dåp» – oppført i Rouenkatedralen 15.oktober 2014, ved 1000-årsjubileet for Olavs dåp.

Sankta Sunniva ble sunget av sopranen Nina Sætherhaug, med Rouenoperaens orkester/Gabriel Marghieri (Titulærorganist i Sacré Choeur) ved orgelet. Musikk: Ole Karsten Sundlisæter Libretto: Dordi Glærum Skuggevik

Dbl.CD.

På nettet: http://goo.gl/DHUjyG

Skrevet av

dordis

Lektor, cand.philol, forfatter og samfunnsdebattant.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *